lørdag 4. februar 2012

Våkn opp! Hallo...

...Våkn opp!
"Smakk!"
"Au - ka' pokk..", eg vaknar av at Andhøy gjer meg ein øyrefik.
"Sånn ja! På tide å våkne nå. Du har sovet i 5 dager og det får jammen meg være nok!"
"Hæ.. 5 dagar?? Kvifor?? Kva skjedde??", eg føler meg framleis litt omtåka.
"Du tryna ute på dekk. Du er den største kløna jeg noen gang har møtt! Sånne som deg skulle hatt forbud mot å være ombord i noe som helst farty til sjøs.", seier han oppgitt.
"Men, heldigvis for deg har vi hatt fint vær de siste dagene, så det har gått greit for Samuel og meg å skifte på å stå til rors...."
Brått erindrar eg brudulja vi hadde hatt, at Ivan låg bunden og knebla i byssa og Vladislav innelåst i brisken.
"...Faktisk så har temperaturen gått opp noe de siste dagene istedenfor å synke. Det er litt rart for den burde jo synke ganskje mye nå som vi nærmer oss Sydpolen. Mulig det har noe med den globale oppvarmingen å gjøre."
"Gulp - eller kanskje ikkje", tenkjer eg, og huskar brått at det siste eg gjorde før eg svima av på dørken var å snu båten 180 grader. Har vi verkeleg sigla i 5 dagar mot New Zealand igjen utan at dei har merka det? Kva med stjernene og soloppgongar - eg trudde alle sjøfolk kunne sigla etter det?
"Kremt! Eg kan kanskje hjelpa dåke med det temperaturgreiene...", seier eg forsiktig. I det same ser eg at Samuel glisar breidt borte i kroken sin der han sit med PC'n på fanget.
"Ellers da...", seier Jarle
"Føler du deg bra?"
"Eh, jada", seier eg.
"Du ser egentlig ikke helt frisk ut.", fortset han.
"Å?", eg kjenner meg jo heilt ok.
"Nei, det er noe rart med deg. Se her", seier han, og held opp eit speil.
"Uvææææææ!!!! Ka' i alle...Korleis er det eg ser ut??", eg trur ikkje mine eigne augo.
Eg ser ikkje ut - heile andletet mitt er fullt av noko som ser ut som mørke grøne og blå strekar. Eg må jo ha fått ein kraftig allergisk reaksjon!! Jarle og Samuel klarar ikkje halda seg lenger og hiv seg rundt i latter. Det er då eg kikkar nærare etter i spegelen og ser at det slett ikkje er nokon allegisk reaksjon, men nokon som har slått seg laus med sprittusj.
"He-he - så morosame dåke er" seier eg snurt. Dei ligg på dørken og ler høgt enda.
"Korleis skal eg få dette av igjen, har dåke tenkt på det?", spør eg.
" Vi har tatt bilde av deg og sendt til nyhetsbyråene", hikstar Samuel fram.
"Nå står det på alle nyheter at du er en 150 kilo tung maorikriger - tatovert frå topp til tå!", han ler så han griner.
"Dåke er ikkje riktig nagla", seier eg og prøver å gni vekk tusjen med dyna, men eg får ikkje av nokon ting som helst.
"Korleis skal eg få det av?", seier eg igjen.
"Ta det med ro, det går nok av etter hvert", seier Jarle muntert, og forsvinn ut på dekk.
Eg er ikkje fullt så munter. Faktisk så er eg pottesur og synes dei eg ganske barnslege. No har eg iallefall ikkje tenkt å fortelja dei at vi er på veg tilbake til New Zealand og ikkje til Sydpolen, slik dei trur. Så da så.
"Du finner kanskje noe white spirit fremme i akteren hvis du leter litt", sier Samuel.
"Kanskje det går bort med det.", fortset han, - han ser vel kor furten eg er.
Eg hoppar ut av køya og går for å leita.

Eg kryp rundt på alle fire og prøver å finne flaska med white spirit, men det er som å leita etter nåla i høystakken. Her er så mykje rot og greier at det er uråd å finna noko ting som helst.Gamle kler, øydelagte fiskegarn, hermetikk som er utgått på dato for lenge sidan (og det skal godt gjerast), og her finn eg til og med ei eske full av gamle blomar. Blomar?? Vel har eg sett Andhøy avbilda i glorete hawaiiskjorter, men eg har ikkje akkurat oppfatta han som ein Blomster Finn.... Eller kva veit eg? Uansett, her må det ryddast litt.

Eg tar eska under armen og bevegar meg opp trappa for å komma ut på dekk. I det eg når utgangen kvekk eg til. Kva er det eg skimtar spankulerande på dekk like bak Andhøy? Ein måke? EIN MÅKE?? Eg veit ikkje mykje om faunaen på Sydpolen, men eg er ganske sikker på at det ikkje er ein plass for måker! Det må bety at vi nærmar oss land igjen. Oijjj, eg held på å bli avslørt - kva gjere eg no?? Eg strekk ut venstre arm, røskar ei dartpil ut frå bilete av Jan-Gunnar Winther som er hengt opp på veggen att - og kastar den avgårde det hardaste eg kan.
"Skriiiiiik...", skrik måka, og fell rett om.
"Hmm..har du sett", tenkjer eg, "Slett ikkje verst, Anita"
"Hva var det?? " ropar Andhøy.
"Ingenting" ropar eg tilbake.
"Berre eg som sklei på dekk igjen".
Eg går ut på dekk med eska under armen og bevegar meg forbi Andhøy som står til rors.
"Hva skal du nå da?", spør han, idet eg passerar.
"Ingenting, eg skal berre hiva noko skrot eg fann. Det er jo ikkje rart skuta er lasta til randen så mykje rart som dåke samlar på".

Eg snik meg forbi han med eska. Vel forbi, snur eg meg for å sjå at han ikkje fylgjer med på kva eg driv på med, men han er altfor opptatt til å styra til å bry seg om meg. Eg har kome fram til måka som ligg strekk ut på dekk med vingene rett ut til sida. Eg har truffe den med dartpila midt i hjarta. Jammen godt eg ikkje alltid er like treffsikker, tenkjer eg, og erindrar den gongen eg nesten tok livet av redaktøren for Uskedalen.no. Fort, før Andhøy merkar nokon ting, skubbar eg måka overbord. Så opnar eg eska og hiv innhaldet over bord òg. Blomar og blomekransar om einanna - det ser jo nesten ut som om vi skal halda ein blomeseremoni. Eg ristar på hovudet. "Ja, ja, kvil i fred, kjære måke", tenkjer eg, i det vi siglar med ein hale av blomar etter oss. I det eg skal til å snu meg for å gå tilbake får eg auga på ein blom som ser litt større ut enn dei andre som ligg å duppar i sjøen. Eller er det ein blom? Den snur seg litt og på den eine sida kan eg tydeleg lesa "EPIRB". OH BOY! Det går opp for meg at eg nett har slengt naudpeilesendaren overbord!

"Eh, du Jarle...", seier eg for å be han om å snu slik at vi kan fiska opp att naudpeilesendaren. I det eg snur meg ser eg rett inn i andletet til Ivan "The Russian".

"Uvæææ!!!!" - vi brølar lika høgt begge to når vi ser einannan.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)