onsdag 1. februar 2012

Unnskyld språket, men eg synes....

....det har vore ein skitstart på 2012! No er gutungen heima på andre veka med lungebetennelse og i dag braut bilen saman på veg til jobb :-( Og som om ikkje det er nok har jo eg havna på ein høgst ufrivillig segletur på veg til Sydpolen... Dette er det eg sit og surmumlar over då eg brått må spissa øyro:

"Attention! Attention!", kjem det i frå radioen.
Ved middagstider bruker vi å sitja i byssa å  høyra på nyhetene fra New Zealand medan vi inntar middagen. Eigentleg plar vi berre å høyra etter med eit halvt øyra, for vi er berre interessert i å få vita om myndigheitene har klart å lokalisera oss eller ikkje - og så ler og kosar vi oss kvar gong dei seier " no traces...".  Som dåke skjønar så føler eg meg no som ein del av mannskapet og har nok utvikla eit snev av Stockholms syndrom. Men no spissa alle øyro:

"We have a missing person announcement", seier dama vidare.
" A 41 year old woman from Norway went missing in Auckland about a week ago. She was last seen dancing Kalinka with three Russian sailors in Auckland harbour. Her friends are now worried something has happened to her and has promised a reward of 50.000,- dollars to those who have information about her whereabouts."

Det bli heilt stille rundt bordet og eg har brått alles augo på meg.
"Not me??", prøvar eg meg på, med munnen full av nudlar.
"50.000,- dollars", Ivan lener seg tilbake og legg armane i kross over bringa.
"50.000,- dollars. That's a lot more than you are paying us, Jarle. Come to think of it you are not paying us at all - are you?", han byrjar å gynga litt att og fram.
"Let's turn around and sail back!", slår han fast.
"No, we are not turning back now", svara Andhøy.
"We are too close to the South Pole", han slår knytteneven i bordet.

Eg finn det best å forhalda meg roleg. Faktisk så lurer eg mest på kor i all verda jentene har fått tak i 50.000,- dollar??? Kanskje dei er så sikre på at ingen har informasjon å gje at dei berre har tatt sjansen på å seia ein sum?? Eller, eller - å neii - ikkje den nye sommarfuglhoven min!!?? Dei har vel aldri solgt den nye sommarfuglhoven min?? Med skaft av finaste bambus frå Kina og nett vevd av den mjukaste silke! Når eg viftar med den i vinden kan ein høyra ein svak hvislelyd som lokkar på sommarfuglane som honning på bier. Faderullan altså! No blir eg litt sur på jentene!

"We are not turning back!", ropar eg ut. Ikkje søren om jentene får selgja sommarfuglhoven min!
"Yes, go back", seier Vladislav.
"To the South Pole", kjem dei i frå Samuel.
"Turn around - I want my 50.000,- dollars!", Ivan er byrja å bli morsk.
"Follow the map", skrik eg.
No har eg vore så mange dagar på sjøen at det ser ut som om fornuften har forsvunnet i vinden. Ellers i livet så ville eg jo innsett at å snu ville gje meg ein gyllen sjanse til å komma meg ut av alt rotet eg har rota meg opp i. Men i farten tenkjer eg ikkje på kva som vil skje når vi kjem til Sydpolen og skal starta søket etter Berserk ved hjelp av Kaptein Sprød sitt kart. Hvis vi kjem til Sydpolen då, nett no er det jo berre eg som veit at vi seglar rundt på måfå - dei andre trur jo vi seglar strake vegen til Sydpolen...

No utviklar det seg til eit skikkeleg sjøslag i byssa. Russarene er oppsett på å snu og segla tilbake til New Zealand, medan vi andre vil fortsetja rett fram. Brått hiv Andhøy seg over Ivan og held armane hans fast bakpå ryggen og imens har Samuel stupt ned på golvet for å halda fast beina hans. Eg grip eit tau som heng lageleg til og surrar rundt Ivan og knyter til så hardt eg kan. For sikkerheitsskyld tar eg eit stykke gaffateip og teipar over munnen hans òg. Strengt tatt heilt unødvendig - kven skulle høyra hans rop om hjep her - men eg har sett at dei plar gjera det slik på film.  One Russian down, one to go, eller noko sånt - vi hiv oss over Vladislav. Det er jo ikkje tvil om kva vi skal gjera med han, han får smaka sin eigen medisin- og vips så har vi putta han i brisken og stengt igjen med hengelåsen.

Det er min tur å stå til rors så det er vel berre til å komma seg ut på dekk. I det eg trør ut klarar eg å hekta venstre fot inn i ein taukveil som ligg på dørket. Eg slår ut med armane medan den høgre foten forsvinn framføre meg og inn mellom sprinklene i roret. I det eg går ned for landing vrir eg foten, og dermed òg roret, 180 grader rundt!

"Å nei! Kva er det eg har gjort no??" er det siste eg klarar å tenkja før eg svimar av...

1 kommentar:

  1. Supert Anita! Men no må du vakna,Me vil høyra fortsettinga :o

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)