søndag 12. februar 2012

Til lukka med dagen...

...vi feirar med puppa på magen!

Fredag kveld tikka fylgjande melding inn på mobilen min:


Det er mogleg andre ville ha reagert med undring på ei slik melding, men her vart det ikkje lea på eit augnelok eingong... Eg tippar vedkommande som sendte meg denne har tenkt både vel og lenge over kva ord han/ho skulle putta inn etter "passe gal" - reflektert passa meg eigentleg bra. Og eg er ikkje berre reflektert - eg er uhyre effektiv! Så på 5 sek., eller så, hadde eg reflektert ferdig og svart noko sånt som "Køyr på!".

No var jo dette fredagskveld - morsdag var allereie på søndag. Det store spørsmålet var jo korleis i hulaste ein skulle få tak i nok BH'ar til å dekka Uskedalsbrua innan søndag??? Valget var jo enkelt - Spar måtte involverast. Så var det berre å spre det glade bodskap så godt ein kunne via Facebook, SMS'ar og jungeltelegrafen. Frå eg mottok fyrste melding og til eg mottok meldinga nedanfor gjekk det meir eller mindre kun ein time:


 
No var det berre til å venta å sjå om folk vart med på "leiken". Og om dei vart - i Uskedalen gjekk folk mann (?) av huset for å få levera BH'an sine i korga på Spar. Det kom store folketog veivande med BH'ar ned Johanebrekka, bilane kom køyrande med BH'ar festa til radioantenna, ordføraren stod midt i butikklokalet og reiv av seg BH'en...OK, dette var kanskje å overdriva litt, men responsen var over all forventning. I Uskedalen gjere folk definetivt som dei får beskjed om! For utanforståande må området rundt panteautomaten på Spar denne laurdagen ha vore eit undarleg skue. Her kunne ein levera inn tomflasker, lyspærer og anna elektriske saker + dei gamle BH'ane sine... På Uskedalen.no kunne ein lesa fylgjande: Uskedalen.no

Spørsmålet no var om det vart samla inn nok BH'ar til at planen let seg realisera - og det gjorde den til gangs! Då eg køyrte heim frå venninnebesøk like etter midatt - hakk i hæl etter saltebilen (det var nok lurt å salta Uskedalsbrua denne natta), såg brua nemleg slik ut:

Her hang dei - Uskedalsdamene sine BH'ar på rekke og rad :-)

Ein bannar var og hengt opp:

Som dåke ser så er bodskapen ganske klar :-)

Og slik ser det ut i dagslys: Uskedalen.no

Og kven er så gimmicken's rette mor eller far - nei, til det har eg ingen svar....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)