søndag 29. januar 2012

Eg er våt frå topp til tå....

...vinden uler rundt øyro og fingrane har frose fast i roret eg står og stivheld meg i. For nokre dagar sidan vakna eg opp til tidenes "hangover" - ombord i ein seglebåt på veg til Sydpolen for å leita etter Berserk! Og som om det ikkje var ille nok har eg no klart å vikla med skikkeleg inn i noko eg ikkje anar korleis eg skal komma meg utav..

Det blei sjølvsagt eit skikkeleg rabalder ombord då ein oppdaga kva Vladislav hadde gøymt i brisken ombord. Det vanka både ein og to øyrefikar på karen og han kraup saman i ein krok medan han klynka "I explain, I explain". Men det var jo ikkje så mykje å forklara - det var berre til å sjå seg rundt for å skjøna kva som hadde skjedd...

Det tok ikkje lang tid før heile mannskapet var samla rundt bordet for å diskutera korleis dei skulle handtera denne uventa situasjonen. Ivan kom med ein tirade av ein tordentale om at å ha kvinnfolk ombord fører til ulykke etc. etc. Og ikkje nok med at Vladislav hadde gøymt eit kvinnfolk ombord - han hadde dratt ombord eit middelaldrande kvinnfolk som forlengst var "over the top" - hadde han no enda dratt ombord ei ungmøy! Slikt snakk kunne eg jo ikkje la passera usagt så eg måtte gje beskjed om at eg stod i allefall støtt når eg satte sjøbein - ei Therese Johaug look alike ville ha blåse overbord berre ho bevega seg utanfor kahytten!! Og eg sat ikkje nett her og følte at eg hadde trukket vinnarloddet sjølv - Vladislav var vel sjølve fasiten på at ølbriller eksisterar. Og eg har aldri hatt noko draum om å segla til Sydpolen - eg skulle jo på fottur med jentene i dei New Zealandske fjell! Her skulle eg springa omkring og samla sommarfuglar med den nye sommarfuglhoven min, nyta varmen og sova under open himmel :-) Og jentene, kva måtte jentene tru no? Dei måtte jo vera frå seg av redsle over kva som hadde skjedd med meg??

Eg sat på brisken og høyrte på diskusjonen som gjekk att og fram over bordet.
"Feed the whales" høyrte eg Ivan seia.
Dust tenkte eg, lær deg engelsk - det heiter "free the whales".
Så slo det meg kva han eigentleg meinte. Hjarta byrja hamra fortare - det kunne han ikkje meina - dei kunne no ikkje berre hiva meg overbord???
"We are not going to feed the whales", høyrte eg Andøy slå fast.
Takk og pris, her var det iallefall ein som har litt vit i skallen.
"We have to give her one of the life rafts", sa han vidare.
Hæææ??? Er du splitter pine gal??? Du kan ikkje meina alvor - har du sett bylgjene? Veit du kor kaldt det er ute? Brått huska eg at eg hadde skimta den såkalla "life raften" idet eg stupe ned i seglebåten nokre dagar før - ein plastra sak av ukjent merke - og at eg hadde tenkt "dåke skulle ha ringt meg.." i det eg passerte...Og den hadde dei no tenkt å plassera meg i her, på ope hav??? (Det er vel kanskje på ope hav ein plar har brukt for slikt, når eg tenkjer etter) Ikkje tale om!!

Hjernen jobba febrilsk med å finna på noko som kunne hjelpa meg utav denne situasjonen. Eg veit ikkje kor det kom i frå - eg er jo skrekkeleg dårleg på å lyga og fantasi eig eg jo ikkje - men brått hadde eg ropa ut:"I have a map!" Tru meg, eg blei lika forskrekka som dei andre.
"Du har hva for noe?" Andøy såg stygt på meg.
" Eh.. eg har eit kart" mumla eg.
" Du har et kart over hva?"
"Eg har eit kart over kor ein kan finna Berserk..." Hæ?? Kva er det eg seier?
"Jasså, så du har eit kart som viser hvor vi kan finne Berserk?", lo Andøy - eg høyrte jo sjølv kor vanvittig dumt det høyrtes ut. Eg hadde lyst å nikka til høgre og venstre, men hovudet lya ikkje og nikka opp og ned...
"Og hvor har du fått det kartet i fra, om jeg tør spørre??", han lo enda.
"Av han", sa eg og peika på bildet av Jan-Gunnar Winther som låg på dørken.
"Jan-Gunnar Winther??? Har du fått eit kart av Jan-Gunnar Winther som syner kor vi kan finna Berserk??"
"Mm, Mm", nikka eg.

Eg hadde alles augo på meg - snakka ho sant? Det gjorde eg sjølvsagt ikkje, men no kjempa eg for livet for å få bli verande ombord i ein seglebåt, som igrunnen var den siste plass på jord eg ynskja å vera - bortsett frå i ein gammal, samanlappa redningsflåte i isødet. For å gjera ei lang historie kort, så gjekk eg på ein-to-tre frå å vera blindpassasjer til å vera spion for Norsk Polarinstitutt! Og på like mange ein-to-tre så hadde eg løge på meg ei enorm segleerfaring og slo om meg meg segluttrykk: Fokkeskjøte, jibbe, akterlik, hiv o' hoi - det rant utav meg. Eg har tross alt sett alle Pirates of The Caribbean filmane opptil fleire gonger, og eingong har eg segla med Klara og Jan heilt i frå Varaldsøy til Uskedalen.....Plenty av erfaring med andre ord, og kor vanskeleg kan det igrunnen vera?

"Og hvor har du dette kartet?", Andøy var framleis skeptisk. Med god grunn sjølvsagt.
Ja, kor har eg eigentleg dette kartet? Tenke, tenke, må finna på noko fort.
"Det har eg kun på PC", svara eg. På PC???
"Javel, du får logge deg på å vise oss da", seier Andøy og hentar ned ein bærbar PC frå overskapet.
Å nei, kva gjere eg no? Eg byrjar å kaldsvetta og hendene skjelv i det eg slår på PC'n. Eg har vel ikkje noko kart? Akkurat i det eg klar for å legga korta på bordet og vedgå at eg har løge på meg alt saman slår det meg - jovisst har eg kart! Eg loggar meg inn og kryssar fingrane for at eg framleis har kartet lagra på Facebook. Og det har eg! Puh - eg pustar letta ut.
"Her er det", seier eg og visar kartet fram.
"Ha-ha, er det kartet over kor vi skal finna Berserk? Det er det dummeste jeg har sett", Andøy vrir seg av latter.
"Gjør klar redningsflåten, Samuel - dama er klingæren og skal overbord".
"Nei, nei, eg snakkar sant! Det er eit kart over kor ein kan finna Berserk!" Og så byrja eg å peika og forklara og dikta om at det sjølvsagt er eit kart i forkledning - Norsk Polarinstitutt vil sølvsagt ikkje at nokon skal vita at dei har eit slikt kart. Kor har eg lært å lyga med slik overbevisning??? Brått sat alle med snuten nede i kartet og såg fornuften i det - ja, eg trur nesten eg klarte å overbevisa meg sjølv òg.

Og her står eg då til rors i bekmørket og styrer seglebåten mot Sydpolen. Eg trur i allefall det - kjennskapen min til kart og kompass er veldig oppskrytt i lag med alt anna eg har skrytt på meg.. Vi er forlengst komen inn i internasjonalt farvatn og passerer snart 60 grader sørlig bredde. På grunn av meg og mitt kart har det som kun skulle vera ein liten testtur av seglebåten utanfor New Zealand no blitt til ein full ekspedisjon til Antarktis!

Dette er jo galskap i seg sjølv. At vi i tillegg seglar etter same kart som Kaptein Sprød brukar til å finna skatten i Uskedal Båthavn på Aktivitetsdagen, gjere vel ikkje saka betre.....



No veit eg i allefall ikkje om det kan koma noko fortsettelse....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)