søndag 21. august 2011

Eit blogginnlegg til mannfolka,....

...trur eg at eg må kalla dette. I helga har eg nemleg vore på Nordisk Mesterskap i TRAKTOR PULLING! Jepp, du las heilt rett - TRAKTOR PULLING!! Og trur dåke det var noko eg dumpa innom på måfå??? Langt i frå - dette har eg planlagt i månadsvis. Eg var litt redd turen skulle gå i vasken iom alt dette styret med vannkoppane til Stian Sebastian. Det var jo meininga han skulle bruka veka og helga på å få opp formen til han endeleg kan byrja på skulen igjen i morgon. Men, kva anna kan vel få opp formen på den guten enn traktorar??? Så på torsdag blei det bestemt at vi skulle reisa til Stavanger på fredag. Guten visste ikkje noko om planane for helga, han trudde vi skulle på ein vanleg helgetur til Marita :-) På laurdagen måtte vi fortelja om planane våres slik at vi kunne inngå eit kompromiss - han måtte bli med damene på shopping på formiddagen, så skulle det bli traktor pulling på ettermiddagen. Og det blei godtatt :-)

Vi var ikkje dei einaste som hadde tatt turen til Bryne/Jæren denne laurdagen!

Då vi kom litt før kl. 15.00 var det dei lokale heltane som prøvde seg - trur kanskje det var eit norsk meisterskap inni dette nordiske meisterskapet òg. Dei køyrte doningar som eg faktisk tenkjer på når eg tenkjer på traktor (og det gjere jo eg ofte.... :-).






Av og til rauk det godt borti enden her...

Då blei det traktor pulling på "ekte"....

Nokon guffa på...

 ..og gav seg ikkje uansett kor mykje det rauk...

Men, til slutt så sa det stopp :-)

Noko snigla seg avgårde...

....nokon køyrte litt fortare...

...medan andre igjen raste avgårde lett som berre det :-)

Nokon raste avgårde i fyrste runde...

..men fekk litt meir trøbbel i andre runde når det var lagt til nokre kilo på vekta..

Då blei det traktor pulling på "ekte" igjen...

Eg trur nok både Marita og eg hadde sett for oss at dette her kunne bli noko langdryge greier. Men, vi hadde ikkje vore der så altfor lenge før eg oppdaga at vi sat og diskuterte størrelse på forhjul, breidde på bakhjul, girskifte, form og farge....

Sjå, her sit dei og kosar seg i sola :-) Vi var heldige med været, bare nokre timar før høljeregna det.

 Til tross for mykje røyk...

... og god køyring, var det jo dei kuuuuuule traktordoningane vi venta på..

Og smått om lenge byrja dei å gjera seg klar. Då var akkurat Marita gått i bilen for å varma seg så ho fekk ikkje med seg slutten. Men, kva gjere da - her kan du sjå kva du gjekk glipp av Marita:

Brått skjøna eg kvifor ein kunne leiga høyrselvern, og kvifor somme gjekk rundt med sov-i-ro i øyro...


Trur dåke denne guten kosa seg denne dagen??


 Dette er andre omgang for denne doningen. Fyrste omgang gjekk det enda raskare og lengre...

...og så seier dei at kvinnfolk ikkje kan køyra!!!

Trass mykje støy og røyk gjekk det ikkje alltid som ein hadde håpa på :-)








Ikkje akkurat standard "traktorar" alle desse her. Timane gjekk, og endeleg var det tid for doningen Stian hadde mest tru på på forhånd.

Forhåndsfavoritten til Stian.

Gjekk ikkje så værst den, men vi veit ikkje om den kom på pallen. Etter at denne "traktoren" var ferdig sa vi oss svært nøgde med dagen. Vi kom litt før kl. 1500 og forlot arenaen fyrst kl. 19.30!!! Og kan dåke tenka dåke - ikkje ein gong i laupet av desse timane ymta guten frampå at no var han lei :-) Og enda meir imponerande - ikkje ein gong i laupet av desse timane prøvde Marita og eg å overtala guten til å synast vi hadde sett nok og at vi skulle gå! Faktisk så var dette ganskje kjekt å sjå på :-) Kven veit, kanskje vi kjem igjen....

Om ikkje mor hadde ein favorittraktor??? Oh yeees, PULL IT BIG MAMA!

Uheldigvis fekk eg ikkje sjå denne i aksjon. Då vi gjekk var den framleis ikkje køyrt opp til arenaen - kanskje han var til pynt? Eller kanskje han skulle vera med på søndagen - men, då var vi forlengst reist heim :-)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)